13. oktober 2011
Publisert av Lars Fredly

Vi gratulerer vår samarbeidspartner Øivind Leren med utgivelsen av Galleri Møre og Romsdal. Under kan du lese Øivinds egen beskrivelse av boka.

 

 ...

Sidan 1987 har eg vore profesjonell turist i Møre og Romsdal. Reist fylket på kryss og tvers. Frå fjellheimen, ned dalane og utetter fjordane, heilt ut til dei ytterste øyane. I solskin og i uver. Vinter, sommar, vår og haust.

På turane har eg hatt følgje av ein natur og eit landskap som stadig har fascinert meg. Vakkert, vilt og utemd. Heile tida i forandring, heile tida nye uttrykk. Smilande når natteskodda dansar over vassflata på eit stille skogstjern i tidlege morgontimar. Truande når nordvesten med grov røyst står inn mot land og snøbyene nesten viskar bort landskapet.

 

 

Midt i dette bur folk slik dei har gjort til alle tider; oppe på fjellgardane og ute på øyane. Langs fjordane og oppetter dalane. Gjennom generasjonars erfaring har dei lært seg å leve i eit landskap som kan vere både rikt og krevjande. Dei høyrer til her.

Det er flyktige bilde frå dette store eg gjerne vil formidle med denne boka. Små glimt frå eit mektig galleri der vêret, lyset og årstidene heile tida opnar nye utstillingar. Som fotograf har eg vore tilskodar i ein storslegen natur. Eg har vore privilegert.

Boka er ein hyllest til eit eineståande stykke Norge – til Møre og Romsdal. Ikkje heilt Vestlandet, nesten litt Trøndelag. Med evige Dovrefjell i ryggen og Atlanterhavet som nabo i nordvest. Dette er fylket med dei store kontrastane og variasjonane; fjordane og den verharde kysten, dalane og dei ville fjella. Som eit galleri ligg landskapet der. Byr på tallause meisterverk, bilde som stadig skiftar saman med veret som snur og dagane som kjem.

 

 

Med fortida som ballast, ei sterk blanding av vilje og idérikdom, har folket som bur i dette krevjande landskapet lært seg å gripe sjansane der dei dukka opp. Med utgangspunkt i eigne behov har nordmøringar, romsdalingar og sunnmøringar lagt stein på stein og funne gode løysingar som er utvikla til kjende merkevarer. Dei har skapt eit driftig næringsliv som handlar i ein global marknad.

Med flotte fotografi og korte tekstar syner Galleri Møre og Romsdal eit tverrsnitt av alt dette. Boka vert lansert ca. 18. oktober.

 

Fakta:

Fotograf, forfatter og utgiver: Øivind Leren

Antall sider: 168

Antall bilder: 140

Språk: Norsk og engelsk

Format: 22 x 24 cm

Pris: Kr 349,– 

ISBN: 978-82-997446-3-8

Hjemmeside: www.gallerimr.no

...

 

Øvind samarbeider med oss på foto- og utsmykningsprosjekter. Se eksempler på prosjekter i vårt referansegalleri og en bildeoversikt i vår bildebank.

 

 

Publisert i tjenester